Revidering av reguleringsplan for Gjendeosen - Reinsvangen:

Ynskjer servicebygg heilt ned i vasskanten på Gjende

I forslaget til reguleringsplan for Gjendeosen - Reinsvangen, ynskjer Turistvegseksjonen i Statens vegvesen å byggje servicebygget på Gjendeosen ned mot vasskanten av Gjende.

Servicebygg i vasskanten: Det planlagde servicebygget vil bli på 420 kvadratmeter og skal byggjast i tre og betong med store vindauge som sikrar utsyn. Utanfor bygget er det lagt opp til varierte opphaldsplassar. Mellom brygga og servicebygget er det tenkt ein 20 meter lang trebenk som dannar overgangen frå plassen ned til strandflata. Mellom servicebygget og vasskanten er det tenkt at stigen mot Memurubu skal byrja.   Foto: Illustrasjon Statens vegvesen

Nyheiter

Det er konsulentfirmaet Structor som har utarbeidd planforslaget, og som har fremja dette på vegner av Statens vegvesen - Turistvegseksjonen.