Vågå-dågå opna med song og lurvetog av barnehageungar

Torsdag vart Vågå-Dågå opna med lurvetog. I fire dagar til ende blir det liv og røre i bygda med både Vågå-Dågå og Håndverk+.
Nyheiter

Av Kari Margot Odnes / Arve Danielsen

Torsdag føremiddag var det offisiell opning av Vågå-Dågå i Bankbrenna.

Harald Sve Bjørndal, leiar i hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg stod for opninga.

Paulo Macamo og barnehagane i Vågå spela og song.

Barnehagane avslutta med å gå i lurvetog frå Bankbrenna og innom Vågåheimen før dei gjekk heim.

Vågå-Dågå fortset torsdag kveld med omvising i Kvennberget.

Fredag er det haljanturnering i Sjårdalen samfunnshus og konsert med 5 Åver i Vågå kulturhus.

Laurdag blir det liv og røre ved kommunehuset med minikonsertar, stands, lokalt handverk og matmarknad.

I Dompe er det «Mesternes mester» og «Grendenes mester». Det er busstur med gamal OKB-buss og guiding i Hulderbu på Slådalen.

Laurdag kveld er det bygdakveld/kveldsseto på Gardsøy med folkemusikkpub, buskspel og utdeling av Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend for 2019.

Fredag, laurdag og sundag er det utstillingar i kulturhuset; Monica Bergnord med måleri, Sanna Bleka med akvarell og Øystein Bleka med treklokker.

Vågå-Dågå blir avslutta sundag med guida tur til Strondsæterhø.

Samstundes blir Håndverk+ arrangert, med eit rikhaldig program.