Nå er brannvesenet meir førebudd til redningsaksjonar i vatn

Mannskapet i Lom og Skjåk brannvesen har fått grunnopplæring i korleis ein reddar folk i vatn. Brannvesenet har også kjøpt inn naudsynt utstyr til såkalla overflateredning.
Nyheiter

Det blir stadig stilt nye krav til norske brannvesen. I eit utkast til ny dimensjoneringsforskrift som ligg hjå Justisdepartementet til vurdering, og som etter kvart skal ut på høyring, framgår det at brannvesenet kan bli pålagt å ha på plass beredskapsressursar for elve- og vassredning - eller overflateredning.

Har kjøpt inn utstyr

– Dette går på at vi skal kunne vera i stand til å kunne redde folk på overflata eller rett under overflata i eit vatn, seier brannsjef i Lom og Skjåk brannvesen, Atle Festervoll.

Brannvesenet har kjøpt inn alt av grunnleggjande utstyr knytt til overflateredning. Våtdrakter, redningsvestar og ein oppblåsbar gummibåt, er blant utstyret Lom og Skjåk brannvesen nå har på plass.

Grunnopplæring for mannskapet

Nyleg fekk mannskapet i Lom og Skjåk brannvesen ei grunnopplæring i overflateredning. Over ein heil dag fekk dei som deltok i opplæringa prøve å redde kvarandre i elva i Bismo. Opplæringa vart halde av ein ekstern godkjend instruktør.

– Mannskapet har fått opplæring på korleis ei elv oppfører seg. Kvar er det trygt, og kvar er det ikkje trygt å drive i ei elv? Elles var det stort fokus på dette med samarbeid, som er svært viktig, seier Atle Festervoll.

Brannsjefen fortel at ein også gjennom kurset lærte litt om handtering av bilar i vatn, og sikring av både køyrety og den ein skal redde.

– Sikring av seg sjølv, altså mannskapet, er også viktig, og under opplæringa fekk mannskapet også greie på korleis dei skal oppføre seg og ta vare på seg sjølve i ein redningssituasjon, seier Festervoll.

Betre førebudd

Atle Festervoll er nøgd med kurset, og fortel at det vil bli oppfylgjings- og oppfriskingskurs knytt til overflateredning i tida framover.

– Kva betyr det for Lom og Skjåk brannvesen å ha gjennomført ei slik type opplæring?

– For brannvesenet betyr dette at vi er meir førebudd i situasjonar der til dømes einkvan køyrer på elva, eller rett og slett dett i vatnet. Ein veit aldri når ein slik situasjon kan oppstå, men nå har vi utstyret og kompetansen på plass, seier Atle Festervoll.