Bestillingsverk til Landskappleiken i Vågå, basert på folkemusikk frå Ottadalen:

Musikalsk eventyr med 150 aktørar

«Han var hoga heim» er namnet på den storslegne konserten som skal framførast under Landskappleiken i Vågå. 150 aktørar deltek.

Øving: Felejuniorane i både Vågå og Lom skal stå saman på scena under bestillingsverket til Vågåkvelden under Landskappleiken, «Han var hoga heim». Her øver dei med Vegar Vårdal. Kari Margot Odnes 

Nyheiter

– Dette er utruleg spennande, seier ekteparet Mette og Vegar Vårdal i Kultivator, som har fått ansvaret for konserten «Han var hoga heim», som er eit bestillingsverk. Konserten skal spelast i Vågåhallen fredag 28. juni under Landskappleiken. Musikken er basert på lokal tradisjonsmusikk og dikt av Edvard Storm, medan handlinga er bygd opp rundt eventyret om Jutulen og Blessomen.