Museumsgjenstandar frå Lom til Vågå

Kommunestyret i Lom har løyvd 50.000 kroner til inventar i nytt magasinbygg for Gudbrandsdalsmusea - i Ullinsvin.

Frå lom til vågå: Fleire av museumsgjenstandane i Presthaugen vil bli flytta til Vågå så fort det nye magasinet står ferdig i Ullinsvin.   Foto: Gudbrandsdalsmusea

Nyheiter

Pengane blir tekne frå næringsfondet.

Vedtaket betyr at ein del av gjenstandane som nå er oppbevart i Presthaugen vil bli flytta til Ullinsvin.

– Som eigar av bygningar og gjenstandar i Lom bygdamuseum har Lom kommune eit stort ansvar for å sikre gode bevaringstilhøve for eit materiale som har stor kulturhistorisk verdi. Dersom ein held fram med å oppbevare gjenstandar i Presthaugen, utset ein gjenstandane for store, klimatiske påkjenningar og reduserer levetida deira, heiter det i saksutgreiinga frå administrasjonssjefen.

Samlingane i Presthaugen er i stor grad frå før-industriell gjenstandskultur og bygdekunst.

Det nye magasinet i Ullinsvin vil, i følgje Gudbrandsdalsmusa, bli topp moderne. Dermed vil dei ulike gjenstandane vil få optimale bevaringstilhøve.

Det er Vågå historielag som skal stå som eigar av det nye magasinet.