Skjåk tørrast i mai

Mai var for landets del den fjerde våtaste på 100 år. I Skjåk var det naturlegvis tørt.

Tørrast i landet: Skjåk held seg på topp i tørkestatistikken.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Meteorologisk institutt (MI) melder at mai var kjølegare enn april mange stader i landet. Månadstemperaturen låg 0,3 grader under normalen. Det var også den fjerde våtaste maimånaden sidan 1900.

Medan fleire stasjonar på Austlandet fekk 300-400 prosent av den normale nedbøren, var det i kommunen lengst vest i Ottadalen at MI fann dei tre tørraste stasjonane sine i landet i mai.

«Mot normalt» sjølv i Skjåk i mai:

  • Skjåk (Oppland) 11,4 mm (76 prosent av normalen)
  • Skjåk II (Oppland) 20,1 mm (126 prosent av normalen)
  • Bråtå – Slettom (Skjåk, Oppland) 21,7 mm (109 prosent av normalen)

Den kaldaste snittet i temperatur i landet var på Juvasshøe med -3,8 grader. Der var òg den lågaste enkeltmålinga med -13,3 grader.