Nå kan alle som bur i Vågå kommune få leige hytte ved Gjende

Fram til nå har Gjendegarden, hyttene til Vågå kommune ved Gjendeosen, vore nytta av tilsette i kommunen. Tysdag vedtok kommunestyret å opne hyttedøra for alle som bur i Vågå.

Gjendegarden: Dei to hyttene til Vågå kommune ligg rett over for Gjendesheim turisthytte, på andre sida av Gjendeosen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

I 1974 vedtok Vågå kommunestyre overtaking av Gjendegarden frå Statens skoger. Året etter, i 1975, vart det gjeve konsesjon for overtaking av dei to hyttene ved Gjendeosen. Det vart da betalt 50.000 kroner for hyttene.