Sivilforsvaret - ein viktig ressurs

– Mange trur at vi i Sivilforsvaret er friviljuge. Det er vi ikkje. Vi er faktisk tenestepliktige.

Samvirke-øving mellom Sivilforsvaret og brannvesenet er noko det kjem til å bli meir av framover

FIG-leiar Lars Kåre Haugen
Nyheiter

Det seier Lars Kåre Haugen frå Skjåk, som nyleg vart utpeikt som leiar for Sivilforsvaret si fredsinnsatsgruppe (FIG) Lom, som er ein av sju operative avdelingar i Oppland.

Lars Kåre Haugen har vore i Sivilforsvaret i mellom 10 og 15 år, og trivst godt saman med resten av mannskapet på FIG Lom, som består av personar frå alle tre ottadalskommunane. FIG Lom har i dag eit mannskap på 20.

Mykje kompetanse og utstyr

Sivilforsvaret si primæroppgåve er å beskytte befolkninga i krig. Etaten er også statens beredskapsressurs, og gjev støtte til naud- og beredskapsetatar ved store og spesielle hendingar, som ulykker og naturkatastrofar. Lars Kåre Haugen fortel at Sivilforsvaret si avdeling i Lom har mykje kompetanse og utstyr for å bistå ved ulike hendingar.

– Vi har brannsløkkingsutstyr, fyrstehjelpsutstyr, store telt med ljos og mykje anna utstyr. Og ved ei reell hending, kan vi ved behov få tilkøyrd meir utstyr frå Sivilforsvaret sitt beredskaps- og kompetansesenter på Starum, seier FIG-leiaren.

Han fortel at dei på fjellredningsstasjonen i Lom - der Sivilforsvaret har lageret sitt - mellom anna har til saman ein kilometer med brannslange. Førre veke fekk FIG Lom også ein splitter ny ATV - ein sekshjuling.

– Dette har vore etterspurd lenge, og er eit godt tilskot for oss. Det er svært mykje ulent terreng i dalføret vårt, og da er det kjekt å ha ein ATV som ein kan køyre utstyr med. Sekshjulingen vi nå har fått er ein stor ressurs for oss, seier Haugen.

Han fortel at FIG Lom fram til nå har lånt ATV av FIG Sel ved behov.

FIG Lom fekk også tildelt ein såkalla «powermoon» førre veke. Dette er ein svært kraftig ljoskastar på stativ som lyser opp eit stort område.

Øving med brannvesenet

FIG-leiar Lars Kåre Haugen fortel at Sivilforsvaret som regel har to dagøvingar og to kveldsøvingar i løpet av eit år. Førre veke gjennomførte FIG Lom øving der dei mellom anna trena på å bruke utstyret dei har. I tillegg til å øve sjølve, hadde Sivilforsvaret samvirkeøving med Lom og Skjåk brannvesen førre torsdag kveld i Garmo.

– Samvirkeøving mellom Sivilforsvaret og brannvesenet er noko det kjem til å bli meir av framover. Vi har ikkje hatt mykje av det, men ser at det er stor fordel å kjenne folket ein møter og skal arbeide saman med når ein er ute på oppdrag, seier Lars Kåre.

Under øvinga med brannvesenet førre veke var skogbrann eit scenario, og Sivilforsvaret sin jobb var mellom anna å forsyne brannvesenet med vatn.

Ikkje friviljuge

Ved ei reell hending kan naudetatane be om bistand frå Sivilforsvaret, og mannskapet må da rykke ut. I fjor var FIG Lom utkalla fleire gonger.

– Vi var med på to leiteaksjonar, og på ettersløkking av ein skogbrann på Tolstadåsen, seier Lars Kåre.

Sivilforsvaret deltok også under flaumen i oktober.

Sivilforsvaret er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Lars Kåre fortel at mange trur at Sivilforsvaret sine mannskap er friviljuge.

– Det stemmer ikkje. Alle i Sivilforsvaret er tenestepliktige, og må gjennom ein slags sesjon, slik som i militæret, seier Lars Kåre Haugen.

Nyleg vart dei 8.000 tenestepliktige i Sivilforsvaret tildelt «Samfunnstryggleiksprisen» for 2018, for ekstraordinær innsats i samband med sløkkinga av dei mange skogbrannane i fjor sommar. Det er DSB som kvart år deler ut «Samfunnstryggleiksprisen».