Stillstand i Blåbærmyra - i påvente av pengar

– Det må køyrast meir masse til Blåbærmyra for å få bygd ferdig flaumvollen. Det er meir enn nok masse å få tak i, men kommunen må finne pengar til transporten.

Stillstand: Arbeidet med flaumvollen i bustadfeltet Blåbærmyra let vente på seg.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier naturforvaltar Tor Taraldsrud i Skjåk kommune. Han skjønar godt at folk er forundra over at det er stillstand i arbeidet med den planlagde flaumvollen i bustadfeltet Blåbærmyra i Bismo.

– Det er køyrd 840 kubikk med masse til Blåbærmyra, men det manglar over 2.000 kubikk. Massen som er køyrd til bustadfeltet kjem frå Marlo bru, og Statens vegvesen tok kostnaden med å køyre denne massen til Bismo, i samband med arbeidet med brua. Den resterande massen derimot, må Skjåk kommune truleg sjølve betale tranportkostnadane for, seier Taraldsrud.

NVE, som tidlegare sa seg viljuge til å køyre massen gratis, har hatt så mykje å gjera i Skjøle, og fekk ein del ekstra kostnadar, og kan likevel ikkje ta på seg arbeidet.

Tor Taraldsrud anslår at transportkostnaden ligg på mellom 50.000 og 100.000 kroner, og at Skjåk kommune må finne desse kronene ein eller annan stad.