Døl og Fjording frå Ottadalen i tet-kampen

Åtte hestar frå Ottadalen dro heim att frå Stav på Tretten med sløyfe i manen og fleire vart stilt i kvalitet i klassa si.

Fjording: Torestuens Eld frå Lom var beste fjording i klassa si på Stav. Runa Smedsmo mønstrar hingsten.  Foto: Terje Lisødegård

Nyheiter

Av Terje Lisødegård

Dei åtte delte seg i fleire klasser. I klassa dølhingst to år, vart det sløyfe til  Træes Vind, som er eigd av Georg Sole og Andrine R. Sole frå Garmo.

I den store klassa for to år gamle dølahingstar vart Vistekleivens Nestor tildelt sløyfe og vart dessutan nummer to i kvalitet av alle i klassa. Det er Merete Berg i Vågå som eig den lovande dølahingsten, som har sjølvaste Smedsmo Lindar, 1. premie-hingsten fra Vågå, i slektstavla si. Lindar er far til mor til to-åringen.

I klassa for eitt år gamle dølahingstar, fekk  Garmos Hilmar sløyfe og vart nummer to i kvalitet. Denne lovande hingsten er eigd av Randi Therese Garmo frå Vågå. Smedsmo Knekten og Garmos Katharina er foreldra til Garmos Hilmar.

I same klasse vart det sløyfe til Midtgards Storm, som har Midtgards Brona som mor. Merete Berg og Ove Ronny Smedsmo i Vågå er eigare av den unge hingsten med sløyfe.

Brimi Huldre, ei dølahoppe på to år, og med stallen sin på Tessand, kom og heim att med sløyfe. Det er Unni Brimi som eig denne hoppa.

I same klasse vart det sløyfe og nummer tre i kvalitet på  Garmos Anitra. Randi Therese Garmo i Vågå eig den fine hoppa som har Smedsmo Mynt som far og Garmos Katharina som mor. Smedsmo Mynt er ein av flere hestar frå den kanten som har kvit 1. premie-sløyfe på stallveggen.

I klassa for eitt år gamle dølahopper, vart det sløyfe til Smedsmo Turte. Hoppa var stilt som nummer to i kvalitet i klassa si. Det er Linn Smedsmo som har dretta opp denne hoppa, som nå er busett i Trøndelag.

Ottadalen har og mange fine fjordhestar. Ein av dei er Torstuens Eld, som tok turen til Stav saman med eigaren Oda Smedsmo frå Lom. Det endte like godt med sløyfe og best i kvalitet i klassa si. Anny Blikken i Lom er medeigar i fjordhingsten.

Kvalitet: Vistekleivens Nestor (katalog 21) fekk sløyfe og kvalitet to på Stav. Merete Berg er eigar og utstillar.  Foto: Terje Lisødegård