Diktardagar-programmet er klart: «Høge fjell og djupe dalar»

«Til fjells» er tema under årets Diktardagar som går av stabelen i Ottadalen frå 29. august til 1. september.

Innhaldsrike diktardagar: Årets Diktardagar-program er klart. Frå venstre: Endre Skjåk, Mette Vårdal, Ola Aukrust, Thea Grobstok Dalen, Kari Anne Skjaak og Lars Bakke.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I dag søkjer vi til fjells som aldri før, unge som gamle. Det same har vismenn, diktarar og kunstnarar gjort i uminnelege tider. Kva er det med fjellet? Dette vil arrangementskomiteen prøve å kaste ljos over på Diktardagar, gjennom litteratur, musikk og foredrag.