Arrangerer «Ståk i Skjåk» for trettande gong

Quiz, motbakkeløp, kunstloppis, marknad, og parade for barn. «Ståk i Skjåk» byr som vanleg på noko for alle.

«Ståk i Skjåk»: For trettande gong blir det «Ståk i Skjåk» i helga. Frå venstre: Marianne Stensgård, Elling Starrem, Astrid Gjertsen, ordførar og quizmaster Elias Sperstad, og Leif Skiaker.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Bortimot 30 utstillarar er på plass på marknadsområdet utanfor Skjåk kjøpesenter på dagtid laurdag, under årets «Ståk i Skjåk». Målet er at handelstand, anna næringsliv, lag og foreiningar skal få syne seg fram. Dei politiske partia i Skjåk har også stand laurdag, og dreg i gang valkampen.

Allereie fredag kveld blir det «ståk», med quiz i Skjåkhallen og ordførar Elias Sperstad som quizmaster. Det er Breheimen Mat som står for dette arrangementet, der det også blir selt mat og drikke.

Laurdag morgon blir som vanleg motbakkeløpet «Flækøyhøe Upp» gjennomført. I tillegg til marknaden blir det dokkevogn- og tråtraktorparade. Lom & Skjåk Brass skal ha konsert, og Jotunheimen MC-klubb har ope hus. På Galleri Mathilde blir det dessutan kunstloppis laurdag. På Skjåk kjøpesenter blir det marknadskafé og barna kan få lage slim.

Det blir med andre ord mykje ståk i Bismo i helga.