Turistsesongen i gang i Lom:

– Vi er klare for storinnrykk og ein ny knallsommar

Fredag 1. juni opnar turistinformasjonen.

Turistinformantar: Mari Arnøygard Wedum, Øyvind Volden og Astrid Garmo er blant dei ein kan møte på turistinformasjonen i Lom i sommar.  Foto: Ola Rossehaug/Visit Jotunheimen

Nyheiter

Turistinformasjonen, i regi av Visit Jotunheimen, ligg på «Koopen» midt i Bergomsgarden, sentrum i Lom.

Sommartrafikken i Lom er framleis god, og veksten i overnattingar var på 43,9 prosent samanlikna med same periode i 2017. På landsbasis var tilsvarande tal 1,6 prosent.

Totalt sett, gjennom heile året, gjekk overnattingstala ned med 3,6 prosent frå 2017 til 2018.

– Denne nedgangen skuldast nok fleire årsaker, men fyrst og fremst kanskje det at sommarskisenteret på Juvbreen var stengt i fjor sommar på grunn av varmen, seier dagleg leiar i Visit Jotunheimen, Mari Wedum.

Turistinformasjonen i Lom er open fram til 1. september.

– Vi er klare for storinnrykk og ein ny knallsommar, seier Wedum.