Morten Krogvold etterlyser fotokursbilde

Den 19. september er det opning av Galleri Ullinsvin. I samband med dette etterlyser Morten Krogvold bilde som er teke på dei fyrste fotokursa han held for 30 år sidan.

30 år i Vågå: I år har Morten Krogvold sine fotokurs i Vågå - 30 års jubileum. Han etterlyser nå bilde frå dei tre-fire fyrste åra.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

I år har Morten Krogvold sine fotokurs i Vågå - 30 års jubileum.

Helga 19. - 22. sepember er det stor jubileumshelg med opning av Galleri Ullinsvin. Her blir det opning av Krogvold-utstilling og boklansering.

I samband med dette er Morten Krogvold nå på jakt etter bilde som er teke av fotografar som deltok på fotokurs i perioden 1989-1992, som han skal bruke i presentasjonen.

Tone Bakken ber dei som sit på slike bilde av familiar, foreldre eller besteforeldre, om å ta kontakt med henne.