Marit frå Synslia blir med i fjernsynsserien «Herlige hjem»

Marit Steinfinsbø i Synslia i Vågå har sansen for interiør. Måndag hadde ho besøk av eit filmteam frå serien «Herlige hjem». Kanal FEM er nå i gang med å spele inn femte sesong av serien «Herlige hjem».

Spent: Marit Steinfinsbø fortel at det var artig å sjå korleis eit fjernsynsprogram blir produsert. Nå er ho spent på resultatet.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Serien der programleiar Birgitte Lund Nakken tek sjåarane med over heile Noreg for å syne fram korleis folk bur.

Måndag var ho og eit fjernsynsteam på besøk hjå Marit Steinfinsbø på gardsbruket Snikkarstugu i Synslia.

– Eg er med under temaet «Hus i fjellheimen». Det blir spennanede å sjå kva det blir ut av det. Eg håpar eg framstår slik eg er, seier Marit Steinfinsbø.

Ho fortel at kanalen tok kontakt med henne i september i fjor. Premieren på serien er i oktober.

Fjuken hadde i februar 2018 ei reportasje om Marit Steinfinsbø. Les reportasjen her.