Klubbritt for små og store i rulleskiløypa

35 små og store syklistar stilte til start da Ottadalen sykkelklubb arrangerte klubbritt i rulleskiløypa på Lalm.
Nyheiter

Det var full innsats på sykkelsetet, anten ein stilte til start med balansesykkel eller racersykkel, da sykkelklubben arrangerte klubbritt i rulleskiløypa tysdag kveld.

I klasse 0-3 år, stilte seks ungar på balansesyklar.

Ni ungar stilte med syklar i klasse 3-6 år, og 13 ungar i klasse 7-12 år.

Alle ungane fekk medalje for innsatsen.

Sju seniorar stilte i rundbaneritt, der det vart køyrt fire rundar på 1,87 kilometer.

For publikum var det både spennande og ei fartsfylt oppleving å følgje syklistane i løypa.

Hans Magne Helland var raskast med tida 13,20.

Tore Langrusten Johansen vart nummer to med tida 13,46, og Jørn Tore Mikalsen nummer tre på 13,52.

4. Tore Sundero 13,58,

5. Thore Berntsen 14,30

6. Håkon Sveen 15,06

7. Zerizgi 15,32