Fleire spørsmål enn svar på «blåljosmøte» i Skjåk:

Sterk uro for naudetatane i Ottadalen

Politi, brann og ambulanse måtte svare for seg på eit ope møte i Skjåk.

Panel: Distriktslensmann Erik Trønnes, brannsjef Atle Festervoll, Astrid Ruste og Ingvild Grønnerud fekk mange utfordrande og kritiske spørsmål under det opne møtet på Skjåk barne- og ungdomsskule tysdag kveld.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det var Senterpartia i Lom og Skjåk som hadde invitert til eit møte om stoda og framtidsutsiktene til naudetatane i Ottadalen.