Fjernar gangfeltet lengst aust i Bismo

Statens vegvesen har vedteke å fjerne gangfeltet over rv15 ved Bispen camping.

Blir fjerna: Statens vegvesen har vedteke å fjerne gangfeltet lengst aust i Bismo.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I samband med ein gjennomgang av gangfelta langs riksveg 15 i Bismo tidlegare i år, registrerte Statens vegvesen behov for tiltak.

For å skape eit betre og meir sjølvforklarande trafikksystem foreslo vegvesenet mellom anna å flytte på fleire av gangfelta, samt å heve dei. Gangfeltet lengst aust i Bismo, ved Bispen camping, foreslo vegvesenet å fjerne, som eit resultat av ei samla risikovurdering.

I etterkant av høyring og møte med politi og kommune, vart det køyrd ei høyringsrunde der det kom fleire attendemeldingar med forslag til fysiske tiltak. Nokre av desse forslaga er teke omsyn til, men Statens vegvesen opplyser at det ikkje var mogleg å imøtekome alt.

På bakgrunn av dette har Statens vegvesen nå fatta vedtak om fjerning av skilting og oppmerking av gangfeltet over rv15 lengst aust i Bismo, samt flytting og heving av fleire av gangfelta gjennom sentrum.

Statens vegvesen har også vedteke å forlenge 50-sona gjennom Bismo om lag 50 meter i austleg retning ved Bispen camping.


Fleire trafikale endringar i Bismo

I samband med ein gjennomgang av gangfelta langs riksvegen i Bismo, har Statens vegvesen utarbeidd eit forslag som inneber flytting, fjerning og oppgradering av gangfelta.



Ber vegvesenet vurdere å fjerne busshaldeplassar

Politiet har sendt høyringsuttale til Statens vegvesen.