Gjorde stas på Fjuken

Sigmund Haugom i Skjåk har laga gåve til Fjuken i høve 30-årsjubileet.

Gåve: Hobbyhandverkar Sigmund Haugom har laga gåve til Fjuken i høve 30-årsjubileet.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Eg hadde lyst til å verdsetja avisa. Hadde det ikkje vore for Fjuken, der eg har fått på trykk mange av dikta mine opp gjennom, så hadde det kanskje ikkje vorte noko meir ut av diktinga mi, seier Sigmund Haugom i Skjåk.

Nyleg var han innom redaksjonen i Bismo for å overrekkje ei flott og forsseggjort gåve i høve 30-årsjubileet til avisa.

– Eg har ikkje brukt så lang tid på dette. Det eg brukte lengst tid på var kanskje Fjuken-logoen. Den var ikkje enkel, fortel hobbyhandverkaren, som er nøgd med resultatet.

Fjuken er også svært takksam for den flotte gåva Sigmund har stelt til.