Gratulerer med dagen!

Fjuken gratulerer alle med dagen.

Nasjonaldag: Fjuken ynskjer glimt frå dølar si feiring av nasjonaldagen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Vi i Fjuken ynskjer å ha lesarane «på laget» når vi skal lage reportasje frå nasjonaldagen.

Send oss dei beste 17. maibileta dine.

Vi treng glimt frå krikar og krokar i Lom, Skjåk og Vågå. Bilete av blide born, russ, 17. maitog og musikantar.

Dessutan vil vi gjerne sjå glimt frå dølar si feiring rundt om i heile landet - og kanskje i utlandet óg!

Hugs å namne bileta dine med kven ein ser og kvar biletet er teke. Snu gjerne mobiltelefonen og ta bilde i breiddeformat.

Fjuken gler seg til å sjå og presentere mange gode blinkskot.

Send bileta til redaksjon@fjuken.no

Merk eventuelle Instagram-bilde med #fjukenavis.