MEINING:

Skulehelsetenesta i Vågå, og ordføraren sin reaksjon

Nyheiter

Eg viser til ordførar Iselin Vistekleiven sitt innlegg i Fjuken nettavis 15. mai 2019.  Eg registrerer at ordføraren ikkje tek sjølvkritikk på måten formannskapet i siste møte gjekk til verbalt åtak på meg som listekandidat for Vågå SV, og som har ytra meg i eit ope møte der Vågåskulen og den fysiske og psykiske helsa til elevane var tema.

I møtet om Vågåskulen var eg tydeleg på å adressere ansvaret til kommunestyret, ikkje rådmannen.  Tvert om uttrykte eg tillit til rådmannen, og at han ville kunne gje meir informasjon om dei faktiske tilhøva når det gjeld skulehelsetenesta, i samband med kommunestyret si behandling av årsmeldinga.  Det er kommunestyret som står ansvarleg for budsjett og økonomiplan, dermed også budsjettreduksjonar som rammar dei enkelte tenestene. Vidare oppmoda eg kommunestyret som skuleeigar til å ha eit aktivt engasjement ved behandling av tilstandsrapporten for grunnskulen, ikkje berre ta han til etterretning. 

Eg har ikkje retta kritikk for måten rådmannen har informert folkevalde på, slik ordføraren skriv. 

Vidare skriv ordføraren at eg har gjeve formannskapet ein karakteristikk som patetisk. Det har eg heller ikkje gjort, og noko slikt ville også vera respektlaust. Ordføraren må lesa innlegget mitt ein gong til. Der står det at det er bestilling av ei hastesak til kommunestyret eg finn patetisk.  Å karakterisere ein enkelt handlingsmåte er noko anna enn å karakterisere ein person eller eit politisk organ.

Måten den politiske leiinga handterer denne saka på, viser på nytt at vi har demokratiske utfordringar i Vågå. Vi har hatt store konfliktar som har splitta bygdesamfunnet, dels fordi vi ikkje har vore flinke nok til å skilje sak og person. Viktige saker for innbyggarane har i for stor grad vore handtert i politiske parti og i politiske møte, utan at det har vore lagt til rette for opne og gode  møteplassar med innbyggarane i forkant. Opne temamøte er noko vi i Vågå SV har tru på og vil halde fram med å ha.  Der kan absolutt alle møte, stille spørsmål og delta i debattar. Da kan vi ikkje ha det slik at den som ytrar seg der skal oppleve å bli hudfletta for sine meiningar eller påstandar i formannskapsmøte i etterkant. 

Til slutt vil eg minne om at det denne saka eigentleg gjeld, er helsetilbodet til elevane i grunnskulen i Vågå.

Svein Holen,

Fyrstekandidat Vågå SV