Krysset blir flytta lenger austover

Krysset ved Randen blir flytta lenger austover, og rv15 bli lagt lenger ut i Vågåvatnet.

Endringar: Krysset blir flytta lenger austover og riksvegen lenger ut i Vågåvatnet for å betre trafikktryggleiken ved Randen i Vågå.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Statens vegvesen har, i samarbeid med Vågå kommune, utarbeidd framlegg til endring av godkjend reguleringsplan for ombygging av krysset mellom rv15 og fv51 ved Randen. Planen ligg ute til offentleg ettersyn hjå vegvesenet og kommunen i perioden 20. mai til 30. juni.

Prinsippa i godkjend plan er lagt til grunn for framlegget, der målsetjinga er betre trafikktryggleik og -avvikling. Krysset blir flytta om lag 80 meter lenger austover, og rv15 blir lagt lenger ut i Vågåvatnet over ei strekke på om lag 600 meter, for å gjeva plass til svingfelt og trafikkdelar. Planen legg også til rette for busstopp, omstiging mellom bussruter og parkering for pendalarar og turfolk.

Eventuelle merknadar til planen skal sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 30. juni.