Meining:

Ytringar og folkeskikk i Vågå

  Foto: Fjuken arkiv

Nyheiter

I siste formannskapsmøte var eg i følgje Fjuken eit tema i diskusjonen om årsmelding og rekneskap for Vågå kommune. Bakgrunnen er at eg i eit ope møte i regi av Vågå Sp kvelden før hadde ytra meg om Vågåskulen.  Der tok eg utgangspunkt i rådmannen si årsmelding, der det bl.a. står å lesa at det manglar ei fyrstelineteneste når det gjeld barn og unge si psykiske helse i skulehelsetenesta. Det er derfor ei utfordring å kunne tilby eit godt nok tilbod til barn og unge som har lette og moderate psykiske vanskar.  Det står vidare at pga. stillingskutt har ikkje kommunen lenger tilbod om ei spesiell foreldrerettleiing, det er innført venteliste på hjelp, og at usikkerheit kring den samla bemanningssituasjonen i helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei stor belastning. Under kapittelet om Vågåmo skule heiter det at dei ser eit stadig aukande behov for kompetanse til å møte elevar med psykiske utfordringar, og at dei pr. dags dato heller ikkje har kapasitet til å imøtekoma dei.

Krav til skulehelsetenesta er regulerte i lov, forskrift og nasjonalfaglege retningsliner. Med bakgrunn i opplysningar som kjem fram i årsmeldinga meiner eg at Vågå kommune bryt lovverket. Kommunen skal ha eit fyrsteline lågterskeltilbod som er dimensjonert etter behovet, og som kan jobbe både førebyggande, med akutte hendingar og på systemnivå.

Eg var i mitt innlegg i det opne møtet tydeleg på at det er kommunestyret som sit med ansvaret for å rette opp i situasjonen. 

Men kva skjer? Ifølgje Fjuken reagerer rådmannen «kraftig» på min påstand, og «avviser denne på det sterkaste». Han viser til at miljøterapeutstillinga som vart kutta ved skulestart 2018, ikkje er ei lovpålagt oppgåve.  Stillinga i seg sjølv er ikkje lovpålagt, men skulehelsetenesta, som stillinga var ein del av, er lovpålagt og skal yte tenester på eit forsvarleg nivå. Og ikkje nok med det. Kommunen sit med ansvar for å dimensjonere og organisere tenesta slik at helsepersonellet blir i stand til å utføre sine lovpålagte plikter.

I tillegg reagerte rådmannen på at eg ikkje hadde teke kontakt med han for å sjekke fakta i saka før eg tok ordet i det opne møtet. Dette er noko eg sjølvsagt fann heilt unødvendig. Eg har jo henta fakta frå innhaldet i årsmeldinga han sjølv står ansvarleg for å ha produsert. Eg har ikkje basert meg på informasjon frå andre kjelder.

Eg aksepterer at det kan vera ulike syn på lovbrot eller ikkje. Uansett meiner eg at både administrativ og politisk leiing må ta ansvar for å sjekke tilhøva.

Det eg ikkje aksepterer, er at rådmann og formannskap brukar møtetid for opne dører til å gå i rette med ein listekandidat som har ytra seg i eit demokratisk, politisk møte.  Denne gongen gjekk det ut over meg, og eg var naturlegvis ikkje til stades i formannskapet for å kunne forklare eller forsvare mitt syn. Ei heller er mitt parti SV representert i dette organet. Kritikk frå ordføraren av SV sin måte «å drive valkamp på» fekk dermed stå uimotsagt. Kor vidt formannskapet var viljuge til å gå inn i alvoret i sjølve saka, fekk vi heller ikkje vite av oppslaget. 

Denne saka handlar aller minst om meg eller Vågå SV, heller ikkje om vår valkamp. Saka er for viktig til det.  Ho handlar fyrst og fremst om barn og unge i grunnskulen i Vågå, som vi meiner ikkje får den helsehjelpa dei treng og har krav på etter lova. Og saka handlar om tilsette i skulehelsetenesta og skulen som opplever arbeidssituasjonen sin som svært belastande. Kjem rådmannen og den politiske leiinga i Vågå kommune til å gå inn i dette alvorlege landskapet?

At formannskapet rundar av behandlinga av årsmelding og rekneskap med å bestille ei hastesak til neste møte i kommunestyret med retningsliner framfor valkampen, blir berre patetisk. Er det nokon som treng retningsliner for å utøve folkeskikk og avstå frå å herse med listekandidatar som berre nyttar seg av retten til å ytre seg, så må det vera formannskapet sjølv.


Svein Holen

Fyrstekandidat Vågå SV