Vegen til Geiranger er opna

Da er ventetida over! Nå kan du køyre til Geiranger og kjøpe deg softis.

Opna: Vegen til Geiranger er brøytt. Turistvegen vart opna torsdag morgon.   Foto: Nina Kjeøy

Nyheiter

For fleire skjåkværar har det nemleg som ein tradisjon at så fort turistvegen til Geiranger opnar etter vinterstenging, går turen til bygda innarst i Geirangerfjorden for å kjøpe seg softis.

Og i dag tidleg, torsdag, opna fylkesveg 63 mellom Langvatn i Skjåk og Geiranger i Møre og Romsdal for trafikk etter å ha vore vinterstengt. Turistvegen Trollstigen vart også opna i dag.

Statens vegvesen opplyser at det er tidleg i sesongen og framleis ein del snø att i fjellet, og at vegane difor kan bli stengt på kort varsel om det kjem snø, slik at dei ikkje er farbare på sommardekk, eller om skredfaren aukar.