Ulykke i Vågå

Politiet i Innlandet melde klokka 10.50 om ei ulykke der ein person skal ha velta med ein liten hjullastar.
Nyheiter

Ulykka har skjedd på ei privat adresse i Skogbygdsvegen i Vågå.

Personen, som er ein mann, skal sitja fast.

Klokka 11.28 opplyser politiet at mannen framleis er fastklemt, og at naudetatane arbeider med å få frigjort vedkomande.

Klokka 11.45 melder politiet at mannen, som er i 60-åra, blir frakta til sjukehuset på Lillehammer med luftambulanse.

Mannen er bevisst. Det er hofter og føter som har liggje i klem.