MEINING:

Treng kommunane våre eit korps? Kan vi greie oss utan?

Av Styret i Lom skulekorps

Skulekorps: – Ynskjer kommunane å ha eit korps som kan spela på ulike tilstellingar? spør styret i Lom skulekorps.   Foto: Arkiv/Illustrasjonsbilde

Nyheiter

Kva gjer eigentleg eit korps? Bortsett frå 17.mai, kor ofte tenkjer vi over kva eit korps betyr?

Vi som sit i styret i  Lom skulekorps brenn for korpsmusikk som ein gjevande hobby og verdsett ressurs. Vi ynskjer at korps skal bli teke inn i varmen att, bli prioritert og få meir status som det fantastiske tilbodet det er! Dette er ein hobby ein kan ha frå ein er born til pensjonist. Ein blir vener på tvers av kjønn og alder. Flyttar ein på seg er det berre å melde seg inn i korpset på staden, og ein får nye vener. Det er ingen spørsmål om ein er god eller dårleg. Alle samarbeidar for å få til ein melodi, ingen er på sidelina, alle er inkludert.

I Lom og Skjåk stiller brassen opp saman med skulekorpset når dei blir spurt om oppdrag. Dei spelte nå ved Nordberg kyrkje på frigjeringsdagen, og dei har spela på Ståk i Skjåk, Flåklypa, julemarknad, julegrantenning, kulturkveldar, og  for ikkje å gløyme 17.mai. Skulekorpset var og med og spelte i toget 1.mai på Lalm.

Korps vart eit tilbod i kulturskulen dette skuleåret og det resulterte i 5 nye aspirantar! Og det er bra med tanke på at det var 5 år sidan førre gongen det byrja aspirantar, og Lom skulekorps elles har berre 3 medlemar. For å halde eit korpsmiljø aktivt og sørge for rekruttering opp til Lom og Skjåk brass, så bør det vera eit tilbod til aspirantar kvart år.

Dessverre tek tilbodet om korps i kulturskulen nå slutt etter berre eitt år på grunn av manglande midlar, og dei prioriterer gitar, slagverk og band i staden for korps.

Vi kjenner oss skuffa over prioriteringa til kulturskulen, men tenkjer og at dette er eit godt høve for kommunane til å ta ansvar for litt overordna prioritering. Kva slags tilbod ynskjer vi å ha for og til våre innbyggjarar? Ynskjer kommunane å ha eit korps som kan spele på ulike tilstelningar?

Lom og Skjåk brass har ikkje hatt rekruttering dei siste åra, og vi er redd for at det ein dag ikkje er nok musikarar til eit korps.

Lom skulekorps har ikkje midlar til dirigent og eiga drift. For dei tre medlemane i skulekorpset som har spelt i nokre år har vi i to år hatt eit flott tilbod saman med Vågå og Otta med øvingar felles kvar veke, og dette er til stor glede for alle. Men dette er ikkje opplæring for aspirantar, og det aukar ikkje antal musikarar i Lom og Skjåk. Her må kommunane sjølve på bana.

I Vågå har dei korps i skulen, alle elevar i 3.klasse lærer å spele på eit instrument. Kan det vera eit alternativ hjå oss?

Vi sender saka til politisk hald og ynskjer at både Lom kommune og Skjåk kommune handsamar spørsmåla: Treng vi korps? Korleis kan kommunestyret legge til rette for tilbodet?

Vi oppfordrar de som les dette til å framsnakke korps til alle dykk møter. Å spele i korps er sosialt, inkluderande, positivt, helsefremjande og ein hobby ein kan ha heile livet.

Vi ynskjer dykk alle ein kjempefin 17.mai og tenk over kor heldige vi er som har eit korps denne dagen! Det er ikkje sjølvsagt.