Har bygt flaumvoll på Åmotsøye

Flaumsikringa på Åmotsøye i Nordberg vart utsett, men som eit krisetiltak vart det denne veka bygt ein flaumvoll.

Flaumvoll: Maskinførar Kjetil Juvstad i Korsvoll Maskin har bygt ein flaumvoll ved søre Åmotsbru, på oppdrag frå NVE. Flaumvollen er eit såkalla krisetiltak.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er Korsvoll Maskin som denne veka har drive med entreprenørarbeid på Åmotsøye i Skjåk, på oppdrag frå NVE.

Ved søre Åmotsbru, ved innkøyringa til Tundralivegen, har maskinførar Kjetil Juvstad bygt ein flaumvoll.

– Dette er i fylgje NVE eit såkalla krisetiltak, og det er berre bygginga av denne flaumvollen som skal gjerast her nå, fortel Juvstad.

NVE utsette flaumsikringsarbeidet på Åmotsøye, som etter planen skulle ha starta i vår. Grunnen er at ein må ta omsyn til revefarmen på Tundramoen når det kjem til støynivå i samband med sikringsarbeidet.