MEINING:

Forvaltning av hjortevilt i Skjåk

Av Bråtådalen grunneigarlag Per Øyvind Ørjasæter, leiar

Hjortevilt: – I vår har det vore kollossalt mykje elg og hjort på jordene, skriv Per Øyvind Ørjasæter, leiar i Bråtådalen grunneigarlag.  Foto: Arkiv/Illustrasjonsbilde

Nyheiter

I vår har det vore kollossalt mykje elg og hjort på jordene. Dette blir det prata mykje om av gardbrukarar. Men og fleire og fleire som ikkje lever av jordbruk pratar om dette.

Så spør dei: - Dette må da gå ut over det du skal hauste inn? Og inntekta di? «Ja», svarar eg.

Vinterbeite for elg i Skjåk vart taksert sommaren 2017.

Særleg i Bråtådalen, men og mange andre plassar i bygda vart konklusjonen:

«Høgt beitepress, både furu og bjørk var overbeita. Beitenivået er over kritisk nivå.»

I Hjortevilforskrifta står det i §3:

«Mål for forvaltning av elg, hjort og rådyr.Kommunen skal vedta mål for utvklinga av bestanden av elg, hjort og rådyr der de er opna for jakt på arten(e). Måla skal mellom anna ta hensyn til opplysninger om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skader på naturmangfald, jord og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane.»

Om det er så at Skjåk vilt- og fiskeutval meiner dei har teke omsyn til alt i §3 i Hjorteviltforskrifta, bør dei gjera greie for det i Fjuken.

Sidan det er fleire, både med og utan bruksrett, som er opptekne av dette bør også Skjåk Almenning gjere greie for det i Fjuken om dei meiner at alle punkt i §3 i Hjorteviltforskrifta er teke omsyn til. Særleg ettersom Skjåk Almennng har inntekter av hjorteviltjakt her i vestre del av Skjåk kommune.