Entreprenøren tek ansvar

Nå skal det ryddast krattskog og trevirke i Grov.

Skal fjernast: Haugane med trevirke i Grov skal fjernast.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

I samband med ryddinga av glasopor i Grov, vart det liggjande att ei stor mengd krattskog og trevirke. Ingen ville ta ansvaret for å rydde bort dette – og betale for det.

For fjorten dagar sidan var formannskapet i Lom på synfaring i Grov, og politikarane slo fast at det var uaktuelt for Lom kommune å ta ansvar for oppryddinga. Formannskapet meinte tvert om at alt trevirke som er rydda i Grov på oppdrag frå Fylkesmannen er Fylkesmannen sitt ansvar – eventuelt Fylkesmannen sin innleigde entreprenør sitt ansvar.

Lom kommune har nå fått gjennomslag for sitt syn.

Fylkesmannen i Innlandet skriv i eit brev til Lom kommune at entreprenør Norva24 har akseptert å ta kostnaden for flising og bortkøyring av trevirke i Grov.

– Vi bør ha ein gjennomgang på staden for å sjå på kva som faktisk skal flisast. Det var ein del små haugar med trevirke i området som tydeleg var eldre drivved. Dette meiner eg det ikkje er naudsynt å ta til flising, skriv seniorrådgjevar Stein Egil Granli i brevet.