Fjuken får 748.000 for å digitalisere talemålet i Lom og Skjåk

Medietilsynet deler ut ti millionar kroner i innovasjonsstøtte til mediebedrifter. Fjuken får nær trekvart million.

Jubel: Terje Randen i Fjuken og Randi Rust i boknemnda til «Talemålet i Lom og Skjåk», kan juble over tildelinga av hundretusenar til digitalisering av boka.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Grunnlaget for det arbeidet som skal utviklast gjennom denne støtta, finn ein i dialektverket til Asbjørn Dagsgard; «Målet i Lom og Skjåk», som kom ut i 2006.

– Vi skal i fyrste omgang digitalisere denne boka, fortel mannen bak ideen, produksjons- og IT-ansvarleg i Fjuken, Terje Randen. Det har vore eit vakuum etter at boka kom ut, ho vart raskt utseld, og har ikkje kome i nye opplag.

Randen seier vidare at vi skriv 2019, og at eit naturleg steg difor er å ta boka ut i det digitale rommet.

– Vi vil rett og slett vera med å sikre talemålet vår, seier han.

– Jippi! seier leiar i boknemnda, Randi Rust. Nå må vi få liv i nemnda att, og få ut att papirutgåva. Det blir viktig, nå når vi kan kople ho saman med eit digitalt verktøy, seier ho.

Randi Rust meiner at eit digitalt dialektverktøy vil vera viktig med tanke på dei komande generasjonane, at dei blir betre kjent med - og bevisst talemålet sitt.

– Det har med identitet å gjera, seier Randi Rust.