Har trua på mobile vasståkeanlegg i private heimar:

– Ei god trygging

Lom og Skjåk brannvesen har gått til innkjøp av mobile vasståkeanlegg som skal plasserast heime hjå risikoutsette bebuarar i dei to kommunane.

Vasståkeanlegg: Brannsjef Atle Festervoll, Audun Orrestad i Prevent Systems AS og hjelpemiddelansvarleg i Lom og Skjåk, Karin Aune Ulen, har stor tru på mobile vasståkeanlegg. 

Nyheiter

– Dette har eg stor tru på! Dette er ei god trygging for dei som bur heime, seier brannsjef i Lom og Skjåk brannvesen, Atle Festervoll.

Også Karin Aune Ulen, som er hjelpemiddelansvarleg i Lom og Skjåk, har trua på dei mobile vasståkeanlegga som brannvesenet nå har kjøpt inn. Anlegga skal plasserast i bustaden til eldre, risikoutsette bebuarar.

Slike mobile vasståkeanlegg har som mål å avgrense ein brann i startfasen og redde liv og verdiar. Hensikten med eit slik anlegg er at det skal vera ein slags «fyrsteinnsats» når det oppstår ein brann i eit rom. Vasståka som blir sleppt ut skal syrgje for at brannen blir avgrensa i omfang, og skal samstundes syrgje for at miljøet inne i rommet er innanfor levbare forhold for den som eventuelt måtte opphalde seg der.

Lom og Skjåk brannvesen har kjøpt to slike anlegg, gjennom prosjektet «Det store brannløftet», som har som mål å styrke norsk brannberedskap. Kommunane Lom og Skjåk får eitt anlegg kvar, og det er opp til leiarane i pleie- og omsorgstenesta å avgjera kven som får tildelt dei mobile anlegga heime hjå seg.

Det er Prevent Systems AS som har levert dei to vasståkeanlegga, og nyleg var salsingeniør Audun Orrestad i Lom for å demonstrere korleis det heile funkar.

– Anlegga er branntesta og sertifisert, og er laga for å slå ned ein brann, seier Orrestad.

Det mobile vasståkeanlegget kan plasserast kvar som helst, så lenge det er ei stikkontakt i nærleiken. Anlegget treng ikkje direkte vasstilgang, men er utstyrt med ein vasstank med plass til 110 liter vatn som ein fyller på. To røykdetektorar knytt til anlegget må monterast i rommet der anlegget skal vera plassert. Ved brann, vil innebygde dyser i anlegget gjere vatnet om til vassdamp som blir spreidd ut i rommet. Anlegget vil gå automatisk i ti minutt før det stoppar av seg sjølv.

Brannsjef Atle Festervoll fortel at dei ti minutta vasståkeanlegget er i drift, kan vera avgjerande ved ei brannutvikling.

– Kvart minutt og sekund teljar når ein brann oppstår, og med eit slik mobilt vasståkeanlegg som vil vera ein «fyrsteinnsats» på staden, vil brannvesenet ha kjøpt seg utrukeg mykje tid til dei kjem til bustaden for å sløkkje brannen, seier Festervoll.