Nok snakk – til handling!

Noregs svar på klimaaktivist Greta Thunberg – 14 år gamle Penelope Lea - kjem til klimakonferansen i Lom for å halde appellen «Nok snakk – til handling!».

Til Lom: Penelope Lea blir kalla Noregs svar på klimaaktivist Greta Thunberg.   Foto: Privat

Nyheiter

14-åringen er den yngste vinnaren av Frivilligheitsprisen nokon sinne, ho er leiar for miljøagentane og har halde appellar for statsleiarar, statsrådar og riksmedia. Fredag skal ho gjera det same i Lom.

I ei pressemelding frå Lomsløftet blir det opplyst at alle reiselivsstudentane frå Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule kjem til Lom for å ta del i konferansen. Elevane frå barneskule, ungdomsskule og den vidaregåande skulen i Lom skal få koma gratis inn på konferansen for å høyre appellen til Penelope Lea.

– Heilt på slutten av dagen fredag blir dørene i Utgard opna på vidt gap for å sleppe inn alle som vil høyre avslutninga på konferansen: Appell og generasjonssamtale mellom Penelope Lea og fylkesmann Knut Storberget, opplyser Lomsløftet, som håpar mange nyttar høvet til å høyre ein av dei sterkaste og tydelegaste røystene i Noreg, uansett alder.