Ny rekordpåmelding til «Flåklypa»-løpet

Over 500 køyrety er påmeld veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix». I år skal køyretya innom alle tre kommunane i Ottadalen.

Rekordpåmelding: Over 500 køyrety er påmeld veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix». I år skal køyretya innom alle tre ottadalskommunane på ruta.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Laurdag 25. mai blir den 28. utgåva av veteranbilløpet «Flåklypa Grand Prix» arrangert av Jotunheimen Veterankjøretøyklubb. Løpsveteran Jan Randen fortel tysdag ettermiddag at det er passert 500 påmelde veterankøyrety til løpet. I fjor var det rundt 460 startande.