Markering av frigjeringsdagen

Onsdag 8. mai blir det taler og nedlegging av krans både i Skjåk, Lom og Vågå i samband med markering av frigjeringsdagen og veterandagen.

Markering: I Lom blir det tale og nedlegging av krans ved ordførar Bjarne Eiolf Holø og sokneprest Einar Gelius.  Foto: Lom kommune

Nyheiter

I Lom er det ved høgst dag markering ved minnesteinen utanfor Lom Stavkyrkje.

Her blir det tale og nedlegging av krans ved ordførar Bjarne Eiolf Holø og sokneprest Einar Gelius.

I Vågå blir dagen markert om ettermiddagen ved støtta som står nedanfor kyrkjebolken, mellom kyrkja og Bokhandel’n kafé.

Her blir det tale ved ordførar Iselin Vistekleiven og Roger Berg. Musikk ved Lalm- og Vågå Musikkforeining.

Etter markeringa blir det sett opp gratis buss til Lalm og historisk vandring på Bårstad. Dette arrangementet er i regi av Vågå historielag i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea.


Markerer frigjeringsdagen likevel

– Det er viktig at denne dagen blir markert, seier kyrkjeverje Arnborg Teigum i Skjåk kyrkjelege fellesråd.