Lom slepp unna ekstrarekning

Det kan løne seg å protestere på rekningar.

Skredvollen: Skredvollen over Ulstad skal snart vera ferdigstilt.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Bygginga av skredvollen over Ulstad var i utgangspunktet kostnadsrekna til 31,5 millionar kroner. Det er NVE som er ansvarleg utbyggjar, men kommunestyret i Lom kommune har vedteke å dekkje 20 prosent av kostnadene, den såkalla distriktsdelen: Vel 6,0 millionar kroner.