«Alle» skal på Lomsløftet

Denne veka blir Lomsløftet arrangert, ein nasjonal reiselivskonferanse for lågare klimautslepp og høgare verdiskaping.

Lomsløftet: Norsk fjellsenter er utgangspunkt for reiselivskonferansen Lomsløftet.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Lomsløftet skal vera riksarenaen der beslutningstakarar innen politikk, reiseliv og transport-næringa møter kvarandre og sentrale forskarar for å meisle ut lokale verdiskapingstiltak og klimavegval med global effekt i norsk reiseliv.

Ein vonar at dette skal bli eit banebrytande løft for klimaet globalt og auka verdiskaping lokalt.

– Vinn-vinn for både kloda, naturen, lokalsamfunna og reiselivet, seier arrangøren Norsk fjellsenter.

Blant innleiarane i konferansen finn ein internasjonalt leiande klimaforskarar og sentrale personar i reiselivsnæringa.

Også dei lokale topp-politikarane kjem, det vil seia alle ordførarane i Nord-Gudbrandsdalen. Også den nye fylkesmannen, Knut Storberget, har meldt sin ankomst.

– Det er veldig gledeleg at den lokale deltakinga om ein konferanse som er heilt ny i sitt slag er så stor. Samstundes kjem det deltakarar frå alle delar av Sør-Noreg, frå forvaltning, forsking, marknadsorganisasjonar, transportnæring, politikk og sjølvsagt store og små reiselivsaktørar - i sum ei brei og spissa forsamling folk som jobbar med reiselivet.  Formålet med Lomsløftet er å svare på spørsmålet: Vi skal leve av reiselivet - men kva slag reiseliv kan og skal vi leve av? fortel dagleg leiar ved Norsk fjellsenter, Mai Bakken.

Norsk fjellsenter seier dei tok initativ til Lomsløftet i visse om at inga næring eller aktør lenger har noko val. Framtida er lågfossil – og sjølve premisset for verdiskaping og vekst er å utvikle eit reiseliv med lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping.  

– I denne situasjonen står Norsk fjellsenter, turistmagneten Lom og reiselivsregionen Gudbrandsdalen i ei unik nasjonal særstilling. Til trass for at vi korkje har flyplass eller cruisedestinasjonar, er Oppland i sommarsesongen Noreg sitt mest besøkte reiselivsmål målt i overnattingar. Vi har òg den høgaste delen norske og nord-europeiske gjestar i landet – og av den grunn det lågaste klimaavtrykket takka vere relativt kortreiste turistar. Ein stor del av desse legg ferien til Gudbrandsdalen og fjella våre – og går til alt overmål fotturar som aukar lengda på opphaldet, dempar klimaavtrykket og utløyser større innkjøp av lokale tilbod og tenester, seier Bakken.

Mai Bakken meiner likevel at, som resten av reiselivsnæringa, vår region òg har eit stort potensial for lågare klimautslepp globalt og auka verdiskaping lokalt – men at ein på fleire område er nærast å oppfylle krava som ligg i det grøne skiftet.

– Med Lomsløftet skal vi få større delar av reiselivsnæringa og Gudbrandsdalen med på neste steg, seier Bakken.

Konferansen startar onsdag ettermiddag og varar til og med laurdag. Innhaldet vil omframt det faglege også ha kulturelle postar, som fjelloperaen Voluspå.