Markerer frigjeringsdagen likevel

– Det er viktig at denne dagen blir markert, seier kyrkjeverje Arnborg Teigum i Skjåk kyrkjelege fellesråd.

Bauta: Bautaen over Gudmund Bøyeie og Saras Partapouli.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det blir likevel markering av frigjeringsdagen i Skjåk den 8. mai med nedlegging av krans ved bautaen ved Nordberg kyrkje. Fellesrådet ynskjer å markere dagen, sjølv om Skjåk kommune vil ha markering kvart femte år.

Det er den nye prosten i Nord-Gudbrandsdal, Birgitte Bentzrod, som skal leggje ned krans ved bautane over Gudmund Bøyeie og Saras partapouli som fall under krigen.

Etter kransenedlegginga er det konsert i Nordberg kyrkje med Sondre Bratland, som vil framføre religiøse folketonar frå Gudbrandsdalen.