Blomqvist kjem på ny tur til Lom

Representantar frå auksjonshuset Blomqvist var i Lom på skattejakt i september i fjor. Snart kjem dei att.

Ny tur: Antikvitets- og kunstekspertane Alexander Foss og Nina Castberg Bråthen kjem ein ny tur til Lom.   Foto: Blomqvist

Nyheiter

Alexander Foss, ekspert på antikvitetar, bondeantikvitetar og rosemåling og kunstekspert Nina Castberg Bråthen tykte turen til Lom var så vellykka at dei rett etterpå slo fast at det kom til å bli fleire turar i Lom. Det meinte dei tydelegvis alvorleg, for måndag 6. mai kjem dei att.

Å dra store møblar eller gjenstandar til Fossheim kan vera utfordrande, men i fjor sa dei to ekspertane at det fint går an å ta eit bilde med mobilen – og at dei som regel kan gje både informasjon og verdivurdering utfrå eit bilde, så sant bildet er bra. Det same gjeld sikkert denne gongen.

I fjor kom ottadølane med spesielt mange fjellbilde av lokale kunstarar, men folk hadde med seg mykje anna óg, blant anna smykke, trearbeid, sylv, porselen, gamle huver og mykje «anna rart».

Det blir spennande å sjå kva som dukkar opp denne gongen.