Norsk smaksskule kandidat til Nordisk matpris

Mellom sju norske kandidatar til den nordiske matprisen Embla, finn ein Norsk smaksskule.

Sentrale: Tor Valdvik og Arne Brimi er sentrale i Norsk smaksskule.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

1. juni skal ein nordisk vinnar kårast på Island.

Dei nordiske bondeorganisasjonane samla under NBC (Nordiske Bondeorganisasjoners Centralråd) står bak prisen som blir støtta økonomisk av Nordisk Ministerråd.

De som er innstilt til Embla skal representere det ypparste innan nordisk matkultur og matidentitet. Prisen blir delt ut anna kvart år og det blir kåra ein vinnar i sju ulike kategoriar.

Den norske juryen, leia av mesterkokk Even Ramsvik, har gått gjennom over 100 nominasjonar for å finne dei som skal representere Noreg i den nordiske finalen på Island.

– Vi har fått inn mange nye og spennande kandidatar, fleire som eg ikkje kjende til. Det viser at det er mogleg å etablere verksemder og å livnære seg på noko basert på både norsk mat og mattradisjonar, seier Ramsvik.

Norsk smaksskule er nominert i klassa «Årets mat til barn og unge».