Kuturstipend til Martin og kulturpris til historielaget

Juryen for kulturpris og -stipend i Vågå har bestemt seg for årets vinnarar.
Nyheiter

Ei pressemelding frå kulturseksjonen i Vågå kommune, står følgjande:

Kulturprisen 2018 blir tildelt: Vågå Historielag

Grunnlag for tildelinga er blant anna:

  • Vågå historielag har 90-årsjubileum i 2019
  • Er ansvarleg for drift og vedlikehald av 36 hus, blant desse er Bygdamuseet Jutulheimen, Vågå Prestgard Ullinsvin, Jo Gjende bua, Pulløy bue og  Kvilingsfjoset i Randsverk
  • Driv restaurering av gamle hus
  • Gjev ut bladet  Jutul'n ein gong i året
  • Stort fotoprosjekt med innsamling og skanning av gamle bilete
  • «Kveldseto» ein gong i månaden gjennom heile året
  • Bygd utstillingslokal og arkivlokal i 2019
  • Har 425 medlemar
  • Leiar i jubileumsåret er Knut Raastad

Kulturstipend for 2019 blir tildelt: Martin Steinum Brun

Grunnlag for tildelinga er blant anna:

      • Song- og teaterelev ved Vågå kulturskule

      • Hatt song som hovudinstrument på Vinstra videregåande skule, med Ingeborg Dalheim som   songlærar.

      • Gått året 2018/2019 på Toneheim fhs, og hatt klassisk song som hovudinstrument.

      • Har her hatt Matthew Marriott som songlærar.

      • Kome inn på bachelorutdanning i klassisk song ved Griegakademiet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Har per dags dato ikkje bestemt seg for kvar han vil starte.

      • Mykje brukt på kulturarrangement både i heimbygda og andre plassar i Noreg.

Utdeling av både kulturprisen og kulturstipendet vil bli utdelt ved eit passande høve i løpet av 2019.