Meteorologisk institutt:

Inga bombe - Skjåk tørrast i landet i april

April har vore svært tørr og varm i heile landet. Naturlegvis var Skjåk tørrast.

Tørt: Vi veit det frå før, men i Skjåk er det tørt. Ikkje ein dråpe nedbør i april.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

– Temperaturen for heile landet lå 3,3 grader over normalen i april. Månaden vart den nest varmaste som er registrert i ein serie som går attende til 1900. Berre 2011 er varmare med 4 grader over normalen. Månaden vart også den nest tørraste som er registrert, melder Meteorologisk institutt.

På målestasjonane i Bråtå og i Skjåk vart det ikkje registrert nedbør i det heile teke i april - 0,0 millimeter. Heller ikkje på Otta vart det registrert nedbør førre månad.

I Bråtå vart det òg sett temperaturrekord, med +17,1 grad i april.

På målestasjonen hjå Rolv Kristen Øygard i Skjåk er det gjort fylgjande målingar så langt i år:

Januar: 34,9 mm

Februar: 3,6 mm

Mars: 13,4

April: 0 mm

Årsnedbøren i Skjåk er i snitt på 278 millimeter.