Set opp ekstraframsyningar

UL Fram har funne ut at dei vil på lufta att med «Digital Kanal Skjåk».

Suksess: Fekk du ikkje sett suksessrevyen «Digital Kanal Skjåk»? Nå får du ein ny sjanse.   Foto: Yury Rogachev

Nyheiter

Suksessrevyen «Digital Kanal Skjåk» gjekk føre seg i Marlo grendahus og fylte fleire hus i januar og februar. Ei ekstraframsyning vart sett opp, og da forsvann billettane lynraskt: I løpet av ti minutt!

– Ein kan nesten ikkje gå på butikken utan at folk pratar om dette. Mange har ikkje sett revyen, og det vil dei så gjerne, ler regissør Endre Skjåk.

Han fortel at UL Fram veit om fleire som har sett revyen både ein og to gonger, men som vil sjå revyen ein gong til likevel.

– Vi har bestemt oss for å setja opp to ekstraframsyningar i oktober. Eksakt dato er ikkje banka, men billettane vil bli lagt ut i løpet av mai.

Revygruppa UL Fram er glade i Marlo grendahus, som skal renoverast i tida som kjem. Derfor er det behov for pengar, og der har UL Fram verkeleg stilt opp. Dei har allereie gjeve 100.000 kroner av overskotet frå revyane til grendahuset, og det kan bli meir.

– Dersom publikum kjem på dei to ekstraframsyningane er det nok store sjansar for det, ja, stadfestar Endre Skjåk.