Påskemeny á la Thomas

Kokkelærling Thomas Ekle Løken diskar opp med ein trerettars påskemeny.

Påskemeny: Thomas Ekle Løken er andreårs kokkelærling på Vianvang. Han har vorte utfordra til å stelle til ein trerettars påskemeny.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Fjuken har utfordra 19-åringen til å stelle til ein trerettars påskemeny. Kokkelærlingen stod heilt fritt når det kom til meny. Det einaste kravet vi stilte, var at råvarene og ingrediensane som vart brukt skal vera tilgjengelege i daglegvarebutikken, slik at kven som helst kan få tak i dei, og stelle til denne menyen heime på sitt eige kjøken.