Nå får du melding på telefonen når feiaren kjem

Vågå kommune vil nå sende ut meldingar om feiing og tilsyn på SMS i staden for å køyre ut og henge opp lappar på døra.

Feiaren kjem: Nå vil ein få SMS når feiaren kjem for å feie pipa.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Bakgrunn for overgangen er at det er både dyrt, tungvint og lite miljøvenleg å køyre ut lappar med varsel om feiing/tilsyn med bil på førehand.

Det skriv kommunen på si heimeside.

Ein vil bli varsla 1-2 dagar på SMS før feiing/tilsyn.

Det nye systemet vil gjere det enklare både for huseigar og for feiar å varsle om ting som måtte skje som gjer at feiing eller tilsyn ikkje kan gjennomførast. Som huseigar kan ein gje attendemelding direkte, via ei lenke i SMS’en, om tidspunktet passar eller ikkje, og feiaren kan raskt varsle frå ved avlysing ved til dømes sjukdom.

I meldinga ein mottek på telefonen vil det òg stå kva ein må ha klart til feiaren kjem.

Etter at feiing eller tilsyn er gjennomført, vil ein også få ei kvittering på SMS.

Meldingar om feiing vil ta til frå 23. april, da feiesesongen tek til. Melding om tilsyn har starta nå.

Kommunen oppfordrar huseigarar om å sjekke om dei er registrert i det nasjonale kontaktregisteret; norge.no.