Nytt framskåp til ordførarkontoret

Framskåpet som i fleire år stod på ordførarkontoret i Skjåk vart frakta attende til Maihaugen i februar. Snart kjem det eit nytt skåp.

Flott skåp: Slik ser det ut, det gamle framskåpet som snart er på tur frå Oslo til Skjåk.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Det vart trist og tomt da det gamle framskåpet reiste sin veg. Nå ser det ut til at vi kan få eit nytt framskåp til ordførarkontoret, i alle fall dersom det er semje om at vi skal takke ja, sa ordførar Elias Sperstad i formannskapsmøtet tysdag.