Ei gladhistorie frå barnehagen:

Dei gode hjelparane i Lom

Denne glade historia fekk vi frå Loar barnehage. Til viktige oppdrag lyt ein ha rett hjelp til rett tid.

God hjelp: Det er ikkje sak å få pynta ei bjørk når karane på Gausdal Landhandleri og Lillehammer liftutleie trår til.   Foto: Loar barnehage

Hjerte: Slike tova hjerte pryder nå den gamle bjørka på Bergom.  Foto: Loar barnehage

Høgt heng dei: Med god hjelp kom hjerta frå Loar barnehage på plass i den gamle bjørka.  Foto: Loar barnehage

Nyheiter

«Ein dag i vinter fekk barnehagen eit spørsmål frå ei som for nokså lenge sidan var ei lita jente som vaks opp midt på Bergom. Ho lurte på om barnehagen kunne tenkje seg å lage hjerte som ho kunne pynte ei bjørk med på Bergom som ho ser på som si.

Dette oppdraget tok vi på oss, og alle avdelingar i barnehagen har tova hjerte. Hjerte i alle slags storleiker, i alle slags fargar og fasongar. Kvart eit heilt unikt, og veldig fine. Riktig mange hjerte vart det.

Vi varsla om at oppdraget var fullført, og avtalte at alle i barnehagen skulle koma med hjerta til Bakeriet. Den aktuelle bjørka står på berget midt mellom Bakeriet, Flækøybygget, Fjell og Fritid og Kremmarhuset.

Vi vart møtt av ho som ein gong var ei lita jente, og ho fortalde om at da ho var lita leikte ho seg på berget og fantaserte om kor fint det hadde vore dersom bjørka som stod der hadde vorte pynta. Jenta har vorte mykje eldre, og bjørka mykje større, men ho tenkte på det framleis.

Barnehagen leverte henne hjerta, og fleire av bakarane på Bakeriet klatra opp i bjørka for å henge dei opp. Dette var ikkje lett, for bjørka er høg, og nokre av greinene viste seg å vere rotne.

Medan barnehagen stod og såg på dette vart vi alle saman servert kakao og bollar av jentene på Bakeriet, og vi kosa oss godt i finvêret.

Midt opp i det heile kom Arne Bjørgen gåande for å ta matpausa si på Bakeriet. Vi måtte forklare kva som foregjekk, og det vart sagt på spøk at vi sanneleg skulle hatt ein lift. «Sjølsagt», sa Arne, og tok opp mobilen sin. Etter ei særdeles stutt samtale kunngjorde han at «det kjem lift på ca 5 minutt». Nokså nøyaktig fem minutt seinare kom Ole Rune Skansen svingande opp i ein grøn pick-up som det stod «Lillehammer liftutleie» på. Han rigga til ein kjempestor lift, og alle saman vart ståande med store augo å sjå på at Geir frå barnehagen vart lyfta høgt opp i lufta. Liften fungerte ikkje heilt slik som tenkt, og Ole Rune drog av garde og bytta den ut med ei annan. Nå vart Arne lyfta til vers, han pynta bjørka med hjerte frå topp til tå. På denne måten kom kunsten til barna verkeleg til sin rett, og jenta fekk draumen sin oppfyllt.

Tusen takk til alle på bakeriet, Arne og Ole Rune. Godt å oppleva at det finst folk som prioriterer slike viktige oppdrag! Nå kan også folk som kjem til Bakeriet nyte synet av den fine bjørka, og undre seg medan dei koser seg med baksten; Korleis hjerta har kome så høgt opp og kva for historie som ligg bak …»