Påskeberedskapen er på plass

Fjellredningsstasjonen i Lom er operativ og helikopteret er på plass.

På plass: Dei er klare til å rykke ut dersom folk får problem i fjellheimen. Frå venstre: Tom O. Dahl (Skjåk Røde Kors Hjelpekorps), Jan Ove Velure (pilot), Henry Kringstad (lasteansvarleg på helikopteret), Øystein Ramseng med hunden Jim (Norske redningshunder), Konrad Soglo (Skjåk Røde Kors Hjelpekorps), Ragny Bakken (Norske Redningshunder), Øyvind F. Aaboen (politi), Jo Øien (politi) og Albert Lunde (Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps).   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Friviljuge hjelpekorpsfolk frå Lom og Skjåk, Norske redningshunder og helikoptermannskap starta laurdag påskeberedskapen.

Politiet var óg på plass da Fjuken stakk innom stasjonen laurdag ettermiddag.

Øyvind F. Aaboen slår fast at fjellredningsstasjonen i Lom er ein avgjerande kapasitet for å redde liv i påskefjellet.

– Politiet er svært takksame for at mannskap stiller opp år etter år. All takk til dei friviljuge for den viktige innsatsen, rosar Aaboen.

Leiar i Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps, Tåsten Nordal, fortel at det har gått greitt å bemanne fjellredningsstasjonen denne påska. Men likevel: Å rekruttere nye medlemar inn i hjelpekorpset er inga enkel sak.

– Det blir ofte dei same som «går att», og det er sjølvsagt på jælma bra. Men alle blir eit år eldre år for år, og vi treng rekruttering. Utan det gode samarbeidet med hjelpekorpset i Skjåk, hadde vi ikkje greidd å stille mannskapet vi treng, seier Nordal.

– Skal folk ringe direkte til fjellredningsstasjonen i Lom dersom dei får problem i fjellet?

– Da skal folk ringe anten 112 eller 113, svarar hjelpekorpsleiaren.