Minnemarkering kvart femte år

Frigjeringsdagen, 8. mai, har i ei årrekkje vorte markert ved Nordberg kyrkje kvart år. Slik blir det ikkje framover.

8. mai: Minnemarkeringa er eit arrangement som Skjåk kyrkjelege råd og Skjåk kommune samarbeider om.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Ordførar Elias Sperstad fortalde formannskapet tysdag at både kyrkja og kulturkontoret har spurt: Treng ein ha denne minnemarkeringa kvart år?

– Det er ei fin minnemarkering, og det er som regel ein konsert i kyrkja etterpå. Men er det behov for å ha minnemarkering kvart år? Sjølv meiner eg vi kan ha det litt sjeldnare, sa ordføraren.

Det sa formannskapet seg samde i. Somme tykte ein kunne ta det annakvart år, medan andre meinte det var nok med kvart femte år. Etter ein liten diskusjon samla eit samrøystes formannskap seg om det siste: Femte kvart år.