MEINING:

Krafttak for grøne arbeidsplassar!

Av Iselin Vistekleiven, ordførar i Vågå kommune
Nyheiter

Eldri Rudland ved Skåppå Kunnskapspark, Eidefoss, Eidsiva Energi, Skjåk Energi og Gudbrandsdal Energi utfordra torsdag Gudbrandsdalstinget til ta å del i satsinga den «Grønne Smarte Dalen».

Målet er å skape framtidas grøne arbeidsplassar gjennom å utarbeide ein forpliktande næringsstrategi saman. Næringslivet med energiselskapa i spissen set seg i førarsetet for satsinga. Det skal berre mangle om vi ikkje støttar opp om dei da. Denne utfordringa meiner eg difor at vi som kommunar må ta, saman med andre.

Næringslivet i Gudbrandsdalen står overfor store endringar fram mot 2030. Svakare statsfinansar, robotisering og konkurranse frå globale aktørar sett arbeidsplassane i regionen under press. Internasjonal netthandel truar med butikk- og kjøpesenterdød.

Samtidig opnar det seg store moglegheiter for ny vekst innan grøn industri, fornybar energi, reiseliv og helse. Robotisering, kunstig intelligens, tingas internett og stordataanalyse er framveksande teknologiar som blir avgjerande for våre næringar. Her har dyktige industri- og teknologimiljø saman med NTNU allereie starta viktige satsingar i vår region.

Vi har moglegheiter i internasjonale vekstnæringar knytt til bioøkonomi, fornybar kraft og eHelse. Nasjonalt kan Gudbrandsdalen ta leiande posisjonar innan opplevingsdrive reiseliv, bygg og anlegg, kultur og handel, og bli et utstillingsvindauge for berekraftig og digital innovasjon i disse bransjane.

Gudbrandsdalen har alle de nødvendige ingrediensane for å kunne bli en føregangs region, den «Smart Grønne Dalen»:

  • Gudbrandsdalens innbyggarar har vist vilje til å vera med på eit klimabesparende arbeid.
  • Gudbrandsdalens kommunar har eit uttala ynskje om å skape lokale arbeidsplassar.
  • Kommunane i Gudbrandsdalen har ei klar haldning om kva som gjerast for å betra klimautsleppa gjennom eigne klimaplanar.
  • Gudbrandsdalen har et godt verktøy i Skåppå A/S. Med sin kompetanse er dei eit bindeledd mellom bedrifter og kommunar og når ein skal skapa arbeidsplassar og nye næringar.

Eg er veldig glad for Skåppås og energiselskapas initiativ, «Krafttak for grøne arbeidsplassar». Ein slik satsing vil styrke Gudbrandsdalens konkurranseevne gjennom å tilby nye berekraftige produkt, teknologi og tenester. Vi må likevel ikkje gløyme moglegheita som og ligg i å minimere avfall.

Vi har tre oppegåande avfallsselskap i Gudbrandsalen, GLØR, MGR og NGR. Dei må innlemmast i satsinga gjennom såkalla sirkulærøkonomi. Sirkulærøkonomi handlar om at vi som samfunn omstiller oss frå en bruk-og-kast-økonomi, til å tenke livsløp, varige produkt og design, gjenbruk og miljø. Vi reduserer materialforbruket vårt og utviklar miljøvennleg produkt, tenester og teknologi som kan vedlikehaldas. Alt dette medan det samstundes skapast verdiar. Det handlar om å tenkje ei styrking i heile verdikjeda.

Eg vil difor senda stafettpinnen vidare og utfordrar dei til saman å hengja seg på «Krafttak for grøne arbeidsplassar».

Resultatet av krafttaket kan bli utruleg spennande: nye næringar, nye bedrifter, nye arbeidsplassar, og sist, men ikkje minst et viktig bidrag for å spare klimaet og bidra til at Parisavtalens togradarsmål nås.

Eg er stolt, både som ordførar, som innbyggar, og som forelder over at vi klarer å dra i gang en slik satsing. Tenk kva Gudbrandsdalen kan få til, med 50.000 innbyggarar på laget, iført leiartrøya.