– Ta vare på nynorsken

Austmannalaget vil ha ein språkbruksplan det nye Innlandet fylke.

Nynorsk: Helen Johannesen, Magne Aasbrenn og Kari Hølmo Holen brenn for nynorsken.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Det må ikkje vera vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Innlandet fylke. Difor er det nødvendig med ein språkbruksplan. Fylkeskommunal administrasjon bør vera trygg på å skrive både bokmål og nynorsk, og det må vera like lett og sjølvsagt å skrive nynorsk som bokmål, seier Austmannalaget i ein resolusjon vedteken i årsmøtet.

Austmannalaget peikar på at det nye fylket har to område innanfor grensene sine med lang og tung nynorsktradisjon.

– Der er nynorsken under press, også i dei fylkeskommunale vidaregåande skulane. Vi meiner det nye fylket har ansvar for å ta godt vare på den nynorsktradisjonen som finst i Valdres og i Nord-Gudbrandsdalen særskilt, heiter det i resolusjonen.

Vidare seier Austmannalaget at nynorsk må bli meir synleg på fylkesnivå enn i dag.

– Nynorsk og bokmål er likestilte bruksspråk. Likevel ser vi sjeldan eller aldri at det språknøytrale Oppland fylke nyttar nynorsk i skrift, meiner Austmannalaget.